tirsdag 9. juni 2009

Akupunktur og ME

Dr. Benli Zhang er kinesisk lege m/akupunktur og urtemedisin-utdanning frå Kina. Han er i tillegg kirurg. Dessutan spesialist i almennmedisin frå Noreg. Han fekk som VG-artikkel m/video viser, Ingar Holst til behandling i Oslo og fann ut at han har ME (myalgisk encephalomyelitt). Dr. Zhang kunne ved hjelp av nokre akupunktur-nåler hjelpe Holst.

Dr. Benli Zhang har praksis i Oslo, med internett-adresse: www.benli.no

Ingar Holst i kinesisk helse-eksil (Frå VG-Nett).

Ingar Holst har skrive artikkelen "AKUPUNKTUR MOT ME - Erfaringer fra Kina"

Der han inviterer helseministeren til samtale om kompetansen som finns i Kina på ME. Og moglegheitene for å sende ME-pasientar til Kina for utgreiing og norsk helsepersonell til Kina for utdanning. Dessverre blir Holst vist rundt i det norske systemet av byråkrati istaden for å få ein dialog.

Akupunktur er i Noreg sterkt undervurdert som vitskap og behandlingsmetode. Det trengs ei stor oppgradering av kunnskap om akupunktur og korleis ein utøver akupunktur.

Ei oppgradering av akupunktur-utdanning frå bachelor (3-årig utdanning, som på Akupunkturhøyskolen til master-nivå (3+2 år), og gjerne med fleire som har doktorgrad i akupunktur er sterkt ønskjeleg.

Ein bør og opprette professorat i akupunktur ved norske medisinske lærestader.

www.svindseth.com (mi web-side).

Copyright 2009 Frode Svindseth (all rights reserved).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar